Skånevik Vassverk SA
er eit samvirkeføretak som
drifter og leverer vatn i Skånevik. Vassverket strekker seg frå
Campingen i vest til Nes i aust. Føretaket vart skipa
i 1947.
Eigarar av fast eigedom som er
registrert i folkeregisteret med fast bustadsadresse, selskap og kommunar i føretaket sitt
forsyningsområde som er tilkobla vassverket sitt fordelingsnett, er medlemmer
av laget. Eigarar av fritidshus er ikkje medlemer av laget, og har ikkje stemmerett på årsmøtet. Årsmøtet i vassverket velger eit styre på fem personar med leiar og kasserar. Det er
deltidsansatt driftspersonell som drifter renseanlegget og ledningsnett.
Kontakt informasjon:
Skånevik
Vassverk
Postboks
107
5594
Skånevik
Epost:
post@skånevikvassverk.no
Telefon kvardagar mellom kl 9 og 16.
Tlf. 56
123 085 (telefonsentral med vidarekobling)
Tast 1
for spørsmål om tilkobling, avmelding eller faktura.
Tast 2
for spørsmål om vatnkvalitet og tekniske problem
Tast 3
for andre spørsmål og snakka med leiar.
Årsavgifta
for vatn blir vanlegvis sendt ut i midten av mars.
For tida er årsavgifta på vatn kr 3720 inkl. MVA for eit
vanleg hus. Hus med utleigeeiningar
betaler ½ vassavgift ekstra pr utleigeeining. For
bedrifter og større vassforbrukarar er det eigne avtalar.
=============================================================
Vedtekter for Skånevik Vassverk SA
(Vedtatt
i ekstraordinær generalforsamling den 12.12.2012, med endringer av 29.05.2013)
§1 Føretaket
Namnet på føretaket er Skånevik Vassverk SA (org.nr. 954767493). Føretaket er eit allmennyttig samvirkeføretak etablert i samsvar med lov
om samvirkeføretak av 29. juni 2007 nr.81. Føretaket
har vekslande medlemstal, vekslande kapital og avgrensa ansvar. Medlemer heftar
berre med sitt medlemsinnskot for lagets skyldnader. Laget sitt
forretningskontor ligg i Skånevik i Etne
Kommune.
§2 Føremål
Skånevik Vassverk SA sitt føremål er å syta for vassforsyning til medlemene.
Føretaket kan også ved avtale yta vassforsyning til andre enn medlemer innanfor
forsyningsområdet på same leveringsvilkår og pris som for medlemer. Vassforsyninga må følgja dei til kvar tid gjeldande krava i
drikkevassforskrifta. Skånevik
Vassverk SA vert drive etter nonprofitt-prinsippet der allmennyttige føremål
ligg til grunn.
§3 Medlemskap
Alle fysiske og juridiske personar registrert med fast eigedom innanfor
forsyningsområdet og som har fast bustad- eller firmaadresse i Skånevik,
registrert med det i Folkeregisteret/ Einingsregisteret som ynskjer å verta
medlem (andelseigar), kan sende skriftleg søknad om medlemskap til styret.
Dette inneber at fritidseigedom ikkje kan tena som grunnlag for medlemskap.
Dersom medlemen med fast adresse som nemnde i første ledd er ein juridisk
person eller ei samanslutning av fysiske personar (t.d sameige), har denne rett
til å søkje medlemskap med fulle medlemsrettar også om fysisk person som er deltakar eller eigar i nemnde eining
har personleg medlemskap knytt til annan eigedom.
Styret avgjer innan to månader om søkjaren kan godkjennast som medlem og
på kva for vilkår. Medlemskap kan nektast m.a. dersom tilknytning påfører
Skånevik Vassverk urimeleg store utgifter.
Medlemskapen kjem ikkje i kraft før tilknytning av eigedomen til
forsyningsnettet har skjedd.
Medlemene er ved innbetaling av andelskapital og gebyr til Skånevik Vassverk SA
bunden av dei til ei kvar tid gjeldande vedtekter og vedtak som vert fatta av
årsmøtet og styret.
Medlemen kan ikkje krevje refusjon av heile eller del av betalt vassavgift, eller anna erstatning på grunn av
svikt i vassleveransene.
§4 Medlemsinnskot
Medlemene er andelseigarar i føretaket og har dei rettar og plikter som følgjer av vedtektene. Alle som ynskjer å verta ny medlem /
andelseigar, pliktar å teikna medlemskap med spesifiserte andelar à kr 400
lydande på namn og eigedom/eining. Andelen er
medrekna i tilknytningsavgifta for medlemer. Andelen
følgjer eigedomen/eininga, og kan ikkje pantsetjast eller takast utlegg i,
eller omsetjast utan saman med eigedomen. Medlemsinnskotet
gir ikkje renter, og det vert ikkje utbetalt utbytte. Medlemsinnskotet skal godskrivast føretaket sin eigenkapital. Elles vert
eigenkapitalen danna ved godskriving av årsoverskot.
§5 Tilknytningsavgift
Eingongs tilkytningsavgift skal innbetalast ved tilknytning av ny bustad eller
anna eining til vassverket sitt leidningsnett. Fysiske eller juridiske personar
om ikkje er medlem eller ikkje
oppfyller vilkåra for medlemskap, skal svara same tilknytningsavgift som medlemer. Storleiken på
tilknytingsavgifta vert fastsett av årsmøtet etter framlegg frå styret.
Tilknytingsavgifta skal avgjerast med utgangspunkt i gjenomsnittleg kostnad for
vassverket basert på erfaring. Medlemen må
sjølv kosta stikkleidning frå hovudleidningens koplingskum. Tilknytingsavgifta
skal betalast forskotsvis før vassverket set i gang tiltaket. Eigar av ny bustad eller anna eining, som oppfyller vilkåra for
medlemskap, må søkja om og teikna medlemskap og verta medlem i vassverket. Medlem som går ut av laget vil ikkje få tilbakebetalt sin andel eller
tilknytningsavgift fra Skånevik
Vassverk SA.
§6 Vassavgift
Årleg vassavgift til dekking av vassverket sine
utgifter vert fastsett av årsmøtet etter framlegg frå styret. For kvar
medlem og eigedom skal det førast
register over type eigedom (einebustad/bueining i fleirbustadbygning/ næringseigedom). Standard vassavgift skal
fastsetjast for einebustad/ bueining i
fleirbustadbygning/ næringseigedom. Årsmøtet kan
vedta at høgare
vassavgift skal svarast for storbrukar med fleire bygningar som t.d.
industrianlegg, institusjon eller gardsbruk, og lågare for t.d. naust. Ved for
sein betaling kjem det til forseinkingsrente etter lovbestemt sats, purregebyr
og eventuelle innkrevjingskostnader.
§7 Medlemsplikter
Medlemene pliktar å følgje vedtekter og retningsliner i føretaket. Medlemene
pliktar la eit anna medlem si vassleidning vederlagsfritt bli lagt over hans/
hennar eigedom. Leidninga skal, så langt råd er, leggjast der medlemen anviser. Grøfta skal lukkast forsvarleg og på dyrka mark gjødslast og såast til.
Medlemen pliktar gje lov til å grava ved lekkasjar og liknande. Medlemen pliktar skriftleg å varsla
styret når han/ ho vil leggja vassleidning utanom våningshuset.
Arbeidet kan ikkje starta før det er
godkjent av styret. Ein medlem pliktar å halda sine private leidningar i full orden. Påviste manglar som ikkje vert retta opp, kan medføre stenging av
vatnet. Medlemen pliktar utan opphald varsla Føretaket når vedkomande ikkje lenger fyller vilkåra om medlemskap i §3.
Medlemskapen kan overførast
direkte til ny eigar som oppfyller vilkåra utan plikt for den nye medlemen til å betala nytt medlemsinnskot. Ved utmelding uansett årsak vert det ikkje nokon tilbakebetaling av
medlemsinnskotet. Beviseleg
skade som ein medlem påfører føretaket eller eit annan medlem skal erstattast.
§8 Styret
Føretaket er
leia av eit styre med 5 medlemer og 2 varamedlemer. Styremedlemene skal veljast
av årsmøtet. Valperioden er 2 år. To eller tre av styremedlemene er på val kvart år. Styreleiar skal veljast av årsmøtet, valperioden er eitt år. Nestleiar
skal veljast av årsmøtet, valperioden er eitt år. Varamedlemene
skal veljast av årsmøtet, og i rekkjefølgje, dvs. 1. og 2. vara. Valperioden er to år. Styret skal leia føretaket si verksemd etter gjeldande lover, vedtekter og vedtak og utføra alle gjeremål som ikkje etter vedtektene er lagde til årsmøtet. Styret skal òg utarbeida og vedta budsjett for komande år.
§9 Dagleg leiar
Føretaket
skal ikkje ha dagleg leiar.
§10 Årsmøte
Årsmøtet er Skånevik Vassverk SA sitt øvste organ. Årsmøtet skal
haldast kvart år innan
utgangen av mai månad. Til årsmøtet skal
det liggja føre saksliste
for årsmøtet, styret si årsmelding og rekneskap. Saker som medlemene ynskjer handsama på årsmøtet må vera sende til styret seinast 4 veker for årsmøtet eller seinast 1. april.
Saksdokument til årsmøtet skal vera offentleggjort seinast 8 dagar
for årsmøtet. Årsmøtet vert opna av styreleiar, eller den styret
har peika ut. Årsmøtet skal sjølv velja møteleiar. Det ordinære årsmøtet skal
handsama mellom anna desse sakene:
a) Godkjenning av innkalling og saksliste
b) Val av møteleiar og to medlemer til å
underteikna årsmøteprotokolien
c) Styret si årsmelding
d) Godkjenna årsrekneskapen, herunder å disponera
overskot eller inndekking av underskot og handsama styret sine forslag til
avsetjingar
e) Etter framlegg fra valnemnda velja styreleiar,
nestleiar, styremedlemer og varamedlemer
f) Velja
medlemer til valnemnda og leiar i valnemda
g) Fastsetjing
av styret si godtgjersle
h) Handsama andre saker som er nemnde i
innkallinga, og etter framlegg frå styret eller ein eller fleire medlemer.
Årsmøtet avgjer sakene med vanleg fleirtal av dei opptalde røystene, når ikkje
noko anna er sagt i lov eller vedtekter. Ved likt røystetal har møteleiar
dobbeltrøyst, bortsett frå ved personval. Personval
skal vera skriftleg dersom det er forslag på fleire personar, eller det vert
kravd av ein medlem.
Årsmøteprotokoll skal førast. Protokollen vert underskriven av dei to
medlemene valde på årsmøtet, saman med møteleiaren.
§11 Røysterett og røystegjeving på årsmøtet
Medlemer har røysterett på årsmøtet. Sameigarar i eigedom/eigedomar skal
reknast som èin medlem, slik at ein eigedom berre kan vera representert av ein
person åleine ved røysting. Representant for sameige og juridiske personar må
ha fullmakt. Ingen medlem har meir enn ei røyst, også om
medlemen har teikna medlemskap for fleire eigedomar/einingar. Medlemer har
ikkje høve til å møte med fullmektig.
§12 Ekstraordinært årsmøte
Styret kan kalla inn til ekstraordinært årsmøte. Styret kan også kalla inn til
ekstraordinært årsmøte dersom rekneskapsførar/ revisor eller minst ein tidel av
medlemene framset skriftleg krav om å få teke opp eitt og det same klårt
oppgjevne emnet. Ekstraordinært årsmøte skal innkallast med minst 8 dagars
varsel. Innkallinga skal innehalda sakspapira til dei
saker som det er ynskje om å handsama. Det skal vera minst ein månad mellom
ordinært og ekstraordinært årsmøte.
§13 Endring av vedtekter
Forslag til endring av vedtektene kan berre handsamast på ordinært årsmøte. For
gyldig vedtak av endringar krevst 2/3-fleirtal av frammøtte røysteføre.
Endringsforslag skal følgja innkallinga til årsmøtet.
§14 Tvisteløysing
Tvist mellom ein eller fleire medlemer og føretaket skal fyrst søkjast løyst
ved forhandlingar. Fører slike forhandlingar ikkje fram, kan kvar av partane
krevja tvisten endeleg avgjort etter reglane i Lov om voldgift av 14. mai 2004
nr. 25.
§15 Oppløysing av Skånevik Vassverk SA
Vedtak om oppløysing av føretaket vert gjort av årsmøtet, og krev
2/3-fleirtal av alle røysteføre medlemer i føretaket. Dersom ikkje 2/3 av
medlemsmassen er til stades på årsmøtet skal saka
handsamast på nytt i neste ordinære årsmøte. Bindande vedtak om oppløysing kan
då gjerast av 2/3 av frammøtte røysteføre medlemer. Ved oppløysing har føretaket sine medlemer ikkje rett til å få utbetalt
sine medlemsinnskot. Eventuell overskytande kapital eller lausøyre skal gå til
drift og investering i vassforsyninga for medlemene. Etter vedtak om oppløysing skal årsmøtet velja eit avviklingsstyret som
gjennomfører oppløysinga av føretaket i samsvar med oppløysingsreglane i
samvirkelova.
§16 Samvirkelova sin funksjon
Den til ei kvar tid gjeldande samvirkelov skal gjelda der vedtektene ikkje
seier noko anna.
============================================================
Leveringsbetingelsar vedtatt på årsmøtet 2018 under:
Leveringsbetingelsar for
Skånevik Vassverk SA
1. Forutsetningar
Anlegget til andelseigar/medlem/kunde blir tilknytta vassverket sitt
ledningsnett med dei rettar og plikter som samsvarar med Skånevik Vassverk SA sine vedtekter og leveringsbetingelsar.
2. Teikning av andelar
Medlemsskap startar når ein har fyllt ut og underteikna Skånevik Vassverk sitt
innmeldingssskjema/ betalt tilkopling.
Andelseigar vil då motta eit eksemplar av vedtektene og leveringsbetingelsane.
Ein andelseigar må eiga fast eigedom innan vassverket sitt forsyningsområde.
Vassverket har rett til å kreva identifikasjon av andelseigaren , foretaksnummer,
adresse og telefonnummer.
3. Overdragelse
Overdragefse skjer dersom den faste eigedomen skiftar eigar.
Det må då fyllast ut eit nytt innmeldingsskjema / betala vassavgifta og den nye
eigaren er slik blitt medlem av Skånevik Vassverk SA. Den som overdreg/sel
eigedomen har plikt å melda ifrå til vassverket.
Den nye eigaren godtek med dette dei gjeldande vedtektene og
leveringsbetingelsane.
4. Innstallasjon, endringar, utvidingar m.v. av anlegg
Nye innstallasjonar i bygningar og liknande blir gjort på andelseigaren/kunden sin kostnad. Desse må utførast av autorisert røyrleggjar og det
må meldast ifrå til vassverket,
5. Ledningsnett
Skånevik Vassverk sitt ledningsnett er hovudledningar og fordelingsledningar. Vassverket eig og vedlikeheld desse. Andre ledningar reknast som stikkledningar og det
er andelseigar/kunde som kostar og vedlikeheld desse.
6. Tilkoplingsavgift.
Tilkoplingsavgifta er
fastsett av styret i vassverket og skat betalast ved tilkopling av vatnet.
Den kan også bli innkrevd før arbeidet tek til og det kan i særskilde høve krevast garanti som sikkerheit.
7.
Anleggjing og vedlikehald
Vassverket vedlikeheld sine
hovud og fordelingsledningar. Ved utbyggjing av nye
anlegg, legg utbyggjar nye hovud-og fordelingsledningar, desse vert etter
godkjenning og ferdigstilling overtekne av Skånevik Vassverk SA. Andelseigar/kunden kostar sjølv sine
stikkledningar. Ledningstrasear, ledningsdimensjonar, materiell og leggjing skal godkjennast av
vassverket. Andelseigar/kunde har ansvar for stikkledningen frå anboringspunkt
(inkl. anboringsklemme) fram og til og med stoppekran. Arbeidet skal utførast
av autorisert røyrleggjar.
8. Rett til bruk av grunn
Skånevik vassverk SA har rett til å leggja naudsynte hovud-og
fordelingsledningar over andelseigar/kunden sin eigedom i ein trase som er mest
hensiktsmessig. Vassverket har også rett til å nytta veier over
eigedomen og skal gis rett til å utføra naudsynt arbeid med ledningsnett
/kummar o.l. Dette inneber også graving dersom det er naudsynt. Arbeidet skal så langt som mogeleg gjerast på ei
årstid der det gjer minst skade. Erstatning for skade på trer, gjerder, drenering, avlingstap eller anna skal så langt råd gjerast
opp etter overenskomst. Dersom andelseigar/kunde og vassverket ikkje blir
samde om erstatningssum skal denne avgjerast ved voldgift.
9. Forsyning av andre
Ingen andelseigar/kunde må forsyne andre eigerarar/brukerar av annan eigedom
med vatn utan godkjenning frå styret i vassverket.
10.
Grunneigar/festar si varslingsplikt og ansvar ved skade.
Grunneigar/festar har plikt til å varsia vassverket på førehand dersom han skal grava, fylla opp eller gjera annan endring av
terrenget. Dette gjeld også dersom han skal sprengja, byggja veg eller gjera
anna arbeid som kan gjera skade, eller på anna måte påverka
ledningsnettet. Vassverket må varslast i god tid slik at ein kan gjera naudsynte tiltak/ gi
rettleiing. Dersom det blir gjort skade på på vassverket sin eigedom kan det
bli krevd erstatning. Dersom vassverket ikkje er blitt varsla på førehand
vil den evt. skaden bli rekna som uaktsomhet og det vil bli krevd erstatning.
11. Flytting eller fjerning av ledningar
Dersom det på grunn av offentlege påbud eller av grunneigar sitt ynskje/behov
trengs å flytta/endra eller fjerna ein stikkledning kan dette gjerast av vassverket. Kostnadane blir då på rekvirenten si
rekning. Tilsvarande flytting/endring av
hovudledningar og fordelingsledningar kan berre krevast i særskilde
tilfelle.
12.
Vassprisar
Vassavgifta blir fastsett på årsmøtet.
12.1
Det kan bli innvilga reduksjon av vassavgifta
i særskilde tilfelle.
12.2
Betaling
Vassavgifta skal betalast ein gong i året.
12.3
Renter for for sein betaling.
Ved for sein betaling blir kravet sendt til inkasso og det blir rekna
forsinkelserenter.
13.
Stenging
13.1
Vassverket kan stenge anlegget dersom kunden
ikkje betalar skyldig vassavgift. Stenging kan tidlegast skje 28 dagar etter at betalingsfristen har
gått ut. Vassverket er ikkje ansvarlege for skade eller tap som kan oppstå ved
rettmessig fråkobling.
13.2
Før stenging kan skje, pliktar vassverket å gi
ei skriftleg melding om dette på førehand.
Der skal det koma fram :
- At kunden kan unngå stenging dersom det blir betalt
skuldig vassavgift innan 14.dagar.
- Ei oppfordring om snarleg å kontakte vassverket ved
betalingsproblem og liknande.
- Kostnadane ved igjenkopling etter evt.stenging.
Dersom det står om liv og helse må vassverket midlertidig utsetja stenging.
13.3
Kunden pliktar å gi vassverket adgang til
anlegget og stoppekran for fysisk å utføra stenginga.
13.4
Dersom vassverket har stengt eit anlegg, må
ingen andre enn vassverket åpne det igjen. Eit anlegg som er stengt p.g.a.
manglande betaling blir åpna igjen etter at kunden har betalt all gjeld til
vassverket, - inkludert utgiftene til stenging og åpning av
anlegget.
14.
Innskrenking og regulering av vatn.
Det
må ikkje sløsast med
vatn. Dersom det blir naudsynt kan vassverket varsla
innskrenking av forbruk. Dette kan til dømes vera forbod
mot vatning av hagar i periodar med tørke. Ved brann er kunden
pliktig å stengja vassuttak som ikkje
blir brukt til brannsløkkjing.
15.
Fråkopling
Vassverket kan kopla frå eit anlegg utan nærmare
varsel dersom anlegget kan volda skade eller det treng snarleg utbetring for å hindra vasstap o.l.
15.2 Vassverket kan kopla
frå eit anlegg dersom det er naudsynt p.g.a. ettersyn, vedlikehald eller
utvidingar av kunden sitt anlegg og/eller anleggsdeler. Vassverket må då varsla
kunden på førehand. I den grad det er mogeleg skal arbeidet gjerast på
tider som er minst til sjenanse for kunden.
16. Leveringshindringar - force majeure
Vassverket er fri for alt ansvar for skade og tap ved brudd på vasslevering
eller innskrenkingar som skuldast forhold som ligg utanfor vassverket sin
kontroll,- eller som vassverket med rimelege midlar ikkje kan hindra. Dette kan
til dømes vera streik, pålagt rasjonering frå myndigheter o.l.
17. Indirekte skader og tap
Vassverket er ikkje ansvarlege for indirekte skader og tap .
Indirekte skade og tap kan til dømes vera:
- Tap som skuldast redusert eller bortfall av vasstilførsel (driftsavbrot) - Tap på kunden sine anlegg.
apparat eller gjenstander som skuldast varsla spyling eller reperasjonar.
18.
Endring av leveringsbetingelsane
Kunngjering om endringar av leveringsbetingelsane blir gitt i lokalpressa eller
evt. som direkte melding til andelseigar/kunde. Endringar av
leveringsbetingelsar skal vedtas på årsmøte og er først gjeldane 14 dagar etter
at det er gjort kjendt.
19.
Tvistar
Er partane samde om handsaming av konflikten i voldgift skal einkvar tvist som
gjeld desse leveringsbetingelsane avgjerast ved voldgift ,
etter tvistemålloven kapittel 32.
Er ikkje partane samde. blir tvisten handsama av dei ordinære domstolane.
Leveringsbetingelsane er reviderte og godkjendte på Årsmøtet i Skånevik
Vassverk 5. juni 2018
Styret i Skånevik Vassverk AS
Heidi Wannberg
-styreleiar-